Suksess for tingingsverket til Osafestivalen

November 4, 2011

Frode Fjellheim var i år invitert til å lage tingingsverket til Osafestivalen på Voss.

Verket Biejjien Vuelie – Solkvad ble framført under festivalen lørdag 29. oktober og høstet strålende respons fra både publikum og kritikere.

Les anmeldelsen i Avisa Hordaland her:

Alkymisten

– Det har seg slik at det meste av det Frode Fjellheim tek i vert til gull. Og dette veit eg noko om, for eg har skrive mykje om han!

Folkemusikkjennar og tidlegare redaktør i Spelemannsbladet, Kjell Bitustøyl, var sikker i si sak alt før han hadde høyrt ein tone av tingingsverket. Og han fekk rett.

– Forstår du no kva eg meinte? Den skjeggete telemarkingen kika over brillene og såg kvast på oss då me møtte han att i trengselen av gratulantar på kjøkkenet i Nain rett etter at «Biejjien vuelie – solkvad» var vel i mål og den tordnande applausen hadde lagt seg.

SJØLV OM me hadde høyrt dei to første messeledda under øvinga og visste at dette lova bra, overgjekk tingingsverket alle forventningar. Det la seg godt til ro høgt oppe på topp ti-lista over tingingsverk på Voss sine festivalar. Kanskje aller mest fordi denne miksen av latinske, norrøne og samiske tekstar i kombinasjon med Frode Fjellheim sin sjanger- og grenseoverskridande verdsmusikk gleid så godt saman. Så naturleg at du mest tok til å undrast

på kvifor ikkje alle messer gjennom alle tider var skrivne på denne måten.

DET ER IKKJE noko nytt for Frode Fjellheim å blanda den samiske musikken med element frå jazz og rock. Hans Transjoik-ensemble har gjesta Vossa Jazz, og noko av det umiskjennelege drivet hadde Fjellheim teke med over i messa.

Etter det drøymande preludiet for synth og trompet, drog kompet i gang det rytmisk drivande Kyrie-leddet. Like rytmisk gjekk det vidare i Gloria. Røystene til Berit Opheim Versto og nordfinske Ulla Pirttijärvi kledde kvarandre som hand i hanske, ikkje minst då sekvensen med ikkje-messetekstar hadde arbeidd seg gjennom Håvamål og Den eldre Edda og var komen fram til den eldgamle soljoiken Beaivvás – som gleid silkemjukt over i Berit si sol-bøn Lova lova line. At Berit utover i messa også song på samisk gjorde ikkje opplevinga mindre. Truleg heller ikkje for songaren frå Vestbygdi.

FLEIRE STADER lyfta messa seg til slike majestetiske høgder at tårene rann. Både i Sanctus-leddet og, ikkje minst, i Agnus Dei – med den praktfulle Se solens skjønne lys og prakt som heilt naturleg del.

Verket runda av med ein avslutningsdel som tok opp i seg preludiet sine svevande og himmelske trompettonar. Dermed var ringen slutta.

FJELLHEIM skal også ha stor ros for si orkestrering. Enkelt og smakfullt, men effektivt. Hildegunn Øiseth sitt bukkehorn er noko av det vakraste me har høyrt på festivalen, og trompettonen hennar har ein slik briljans at tårene sprett og busta reiser seg. Hans Hulbækmo (jaudå, han er son av Tone) på perkusjon og Andreas Aase på akustisk gitar kompletterte lydbiletet på framifrå vis.

Den lokale vokalkvintetten som var sett saman for høvet har sin store del av æra for at Biejjien vuelie vart så vakker som den vart. I dei mektige partia var songarane med og lyfta taket av Nain. Med i kvin- tetten var Anne Siri Bauthus Undeland, Jennie Andrea Samuelstuen, Grete Skarpeid, Knut Brunvoll og Håkon Asheim. Også Yngve Høyland skal ha stor takk. Og fyreblåsar Sigbjørn Apeland (trøorgel er trass alt eit luftdrive instrument) sette stemninga før alkymisten og hans trollmenn og -kvinner entra podiet.

NILS KVAMSDAL