Frode Fjellheim: Med joik som utgangspunkt

February 23, 2003

Med joik som utgangspunkt er en lærebok i musikk - med joik som utgangspunkt.
Selvsagt lærer du å joike, men du lærer også noter, musikkteori, komponering, arrangering, stemmebruk og mye, mye mer. Alt med joik som utgangspunkt. Boka representerer noe helt nytt innen musikkfaget. Blokkfløyte og stavspill er byttet ut med vårt nærmeste instrument - stemmen. Boka tar for seg både de tradisjonelle sidene ved joiken og setter den inn i en moderne ramme. Boka henvender seg til alle som har lyst til å lære noe om musikk! Det følger med link til lydfiler med eksempler, komp og oppgaver (lydfilene kan lastes ned fra nettet - boka leveres nå uten CD).

Boka er godkjent av Sametinget - Opplæringsavdelingen til bruk i grunnskolen etter læreplan L97S. Boka inneholder en del tilleggsstoff som også gjør den anvendelig i ikke-samiske områder, samt i andre skoleslag (folkehøgskoler, musikklinjer v/videregående skoler m. fl.).

Order Bok

Bla i boka

Se våre spesial-tilbud til skoler.

Last ned pressemelding i Word-format eller PDF-format

ISBN 82-996406-2-8

 

 

Dette skriver fagbladet Musikk-kultur om boka:

Fulltreffar frå Fjellheim!

Kva for musikklærestoff er det nøytrale, det allmenne og generelle? Og kva er det spesielle, for dei med sære minoritetsinteresser?

Spørsmålet tvang seg fram då læreboka Med joik som utgangspunkt dumpa ned i postkassa. Her er altså joik eit musikalsk sentreringspunkt, men boka er ikkje mindre allmenngyldig og generelt omfemnande av den grunn. Denne læreboka dekkar i hovudsak musikkfaget på mellomtrinnet i grunnskolen, men er så rike på stoff- og metodetilfang at ho òg kan brukast på andre nivå. Ein treng ingen forkunnskaper i samisk kultur eller joik for å kunne nytte boka.

Kunnskap gjennom joik
Puls, taktartar, komponering, stemmebruk og pusteteknikk, skalaer og notelære er berre noko av det generelle stoffet i boka. Og sjølvsagt lærer vi om joik i seg sjølv, og dens historikk, geografi, «programmatiske» innhald, skalaer, rytmemønster, stemmeklang, osb. På lytte-CDen får vi rikelege høver til å høyre innspelingar av vidt forskjellige utøvarar og joiketypar, og nokre dømer på anna folkemusikk (afrikansk). I tillegg fins det ein del metodisk tilrettelagt lyttestoff komponert av forfattaren, innanfor eit joik-idiom. Det bidrar til bokas konsistens og – eg vågar å seie – integritet at utgangspunktet joik gjennom dette faktisk er behaldt, også når generelt lærestoff (som til dømes taktartar og skalaer) skal belysast gjennom lyttedømer. Ei lita svakhet ved Fjellheim sine pedagogiske snuttar er at dei er nokså einsidige i både klangbilete (instrumentering og valg av synth-lydar), toneartssenter og tempi.

Rik og levende
Boka er tjukk og stor, og ulempen ved dette blir oppveigd av årsakene til at ho er det: layouten er luftig og behageleg, mellom anna fordi det er brukt stor tekst- og noteskrift. Viktigast av alt er at boka er utruleg rik på oppgåver, grafiske illustrasjonar, flotte bilete, notar på joikar og forslag til arrangement. Ei estetisk og erfaringsnær tilnærming til stoffet gjennomsyrar boka, og til dels abstrakte omgrep forklarast enkelt og levande. Boka er eit reint fruktfat av opplegg og oppgåver, som det blir opp til læraren å velje frå.
Om du ein augneblink ser bort frå boka sin tittel og hovudtema – vil eg framleis seie at her finn du uhorveleg masse fint stoff og måtar å formidle det på reint metodisk som du kanskje har sakna i mange læreverk. Joik er sjølvsagt ei mangfaldig musikkform, og kan like gjerne vere det «nøytrale» utgangspunkt for musikkundervisning som noko anna, noko Fjellheim har klart å gjennomføre med overtydande konsekvens og stor pedagogisk sans.

Noe for alle
Dette er noko av det mest spennande og allment appellerande som er kome på musikklærebokfronten dei siste åra! Einkvar musikklærar burde ha mykje å hente her, både når det gjeld metodisk vinkling av det generelle musikklærestoffet for grunnskolen, og stoff som vedrørar den samisk- og joikrelaterte delen av pensum i musikk som alle elevar i norsk grunnskole skal innom.
Boka er godkjend av Sametinget – Opplæringsavdelinga, til bruk i grunnskolen etter grunnskolens læreplan L97S, og ho er utgjeve på samisk. Og heldigvis også på norsk.

Guro Gravem Johansen